Dei første åra
Heilt frå stiftinga i 1946 har orientering vore ei av hovudgreinene i IL Gular. Aktiviteten kom skikkeleg i gang frå midten av 1950-talet, med ein «koloni» på Askøy, der Jørgen Jørgensen var sentral organisator, med unggutar som Atle Jakobsen, Tore Berntsen og Øyvind Stene i stallen. I 1967 markerte klubben seg med NM-bronse i juniorklasse, og i 1969 blei Atle Jakobsen sensasjonelt noregsmeister, 1.13 framfor verdsmeister Åge Hadler. Utover 70-talet spreidde rekrutteringsarbeidet seg til andre bydelar. I 1975 stilte Gular første gong på Tiomila, med heiderlege plasseringar både dette og dei følgjande åra.

Fyllingsdalen og Jon Tvedt
I Fyllingsdalen på slutten av 70-talet danna ein gutegjeng under leiing av Jan Petter Hansen ein ny kjerne i klubben. Jon Tvedt og Tom Hansen (seinare Eikanger) dominerte i guteklassane. Jon blei den absolutt største løparen i klubbhistoria: Noregsmeister i juniorklassa i 1983 og ’84, bronse i Nordisk i ’84, fem gull, tre sølv og ein bronse i NM ultralang og gull og bronse på NM-kortdistansen, to fjerdeplassar i VM og gull i Nordisk i ’93 (nokre av desse for Askøy OL og Kristiansand OK). Jon tok også fem gull i motbakkeløp før han tragisk omkom på Gulfjellet i 2009.

Leiande seniorklubb
Frå midten av 80-talet var klubben nede i ein bølgjedal, men utover 1990-talet utvikla Gular seg til den leiande seniorklubben på Vestlandet. Mange av dei som i dag er aktive kom inn i klubben på denne tida. I tillegg til gode plasseringar nasjonalt og i internasjonale stafettar var breidda stor. I NM 1995 stilte t.d. Gular med heile fem herrelag. Klubben var i denne tida det klare førstevalet for studentar som flytta til byen, ein posisjon me heldt til godt ut på totusen-talet.

Familieklubben
I dag er Gular ein familieklubb, der fleirtalet av dei aktive er i alderen 35 til 55 år, med ei gruppe born og unge frå 8 til 16. Me hevdar oss framleis bra i seniorklassene, der m.a. Rune Nygaard, Helen Martinsen og Tom Eirik Eikanger er mellom dei beste i Hordaland. Endå meir gledeleg er breidda blant dei yngste: I 2014 hadde klubben t.d. fem deltakarar på Hovudløpet og O-landsleiren. Det er desse unge me skal satse på i åra framover og byggje opp eit godt treningsmiljø, i tillegg til å leggje til rette for kjekke o-opplevingar for unge og eldre, i inn- og utland.

Arrangement
IL Gular har gjennom desse snart 70 åra teke på seg ei rekkje arrangement, m.a. fem noregsmeisterskap:

  • NM langdistanse, Voss 1978
  • NM junior, Askøy 1984 (m/Askøy OL)
  • NM parkorientering, Nygårdsparken 2000
  • NM langdistanse, Askøy 2000 (m/Askøy OL)
  • NM natt, Hjortland 2003