Frå oktober 2016 er Oskar Røen trenar i Gular, med særleg ansvar for barn og unge. I vinterhalvåret trenar frå Ortun ungdomsskole i Fyllingsdalen tysdagar frå 17.30 til 19.30. Det er to opplegg: Ungdom og vaksne har oppvarming og o-teknisk trening ute før dei går inn til styrketrening, ballspel e.l. Dei yngste har ein valfri løpetur ute, og startar inne kl. 18.00, med o-teknisk og fysisk trening. Dei tysdagane det er Urb-o, deltek me der. Torsdagane er det løpetrening frå kl. 18.00 med styrketrening i sal etterpå.

Treningane går fram til påske 2017. Etter påske vil me ha eigne treningsløp.

Me har stort spenn i alder, frå under ti til over seksti. Er du heilt fersk som o-løpar, er du også velkomen.

Oppdatert informasjon om treningane blir lagt ut på facebook-gruppa.