Orienteringssporten er ikkje det enklaste å finne ut av, difor har me laga denne sida for deg som ikkje har vore i gamet så lenge.

Korleis melder eg meg inn i Gular?
Logg deg inn på https://minidrett.nif.no/ enten som ny eller eksisterende brukar. Registrer eller sjekk at namn, adresse, telefonnummer, e-post og fødselsår er korrekt.  Velg «Medlemskap»og finn  Gular som ny klubb.  Velg Orientering som idrett og gren. Etterkvart får du  velkomst-hilsen og du får også tilsendt giro. Kontingenten for 2017 og 2018 er kr 1100,- for familiar, 800,- for einskildmedlemer, 350,- for støttemedlemer og born.

Husk at du kan alltid oppdatere profilen din dersom du flytter, får ny epost eller nytt telefonnr.

Kva dekkjer Gular og kva må eg betale sjølv?
Gular betaler løpsavgifta for medlemene i krinsløp, nasjonale løp, pokalkamp, sprintløp og nattcup. Bedriftsløp og ferieløp må du betale sjølv. Dersom du ikkje møter opp på eit løp du er påmeld til, eller melder deg på så seint at du får etteranmeldingsavgift, så får du rekning på dette mot slutten av sesongen. For pokalkamp og sprintløp gjeld «no show, no pay». Viss du melder deg på og likevel ikkje stiller, treng du ikkje betale.

Korleis blir eg oppdatert om kva som skjer?
Facebook har teke over som hovudkanalen for intern kommunikasjon i gruppa. Me oppfordrar alle medlemer til å melde seg inn i gruppa. Me arbeider også med å få på plass eit oppdatert system for å sende ut e-post til alle medlemer.

Kva løpstilbod finst det?
Orientering er meir enn tidlegare ein heilårsidrett, sjølv om hovudtyngda av løpa framleis finn stad i tida frå april til september. Lokalt i Bergen er det pokalkamp eller sprintcup dei fleste tysdagane i denne perioden, utanom sommarferien. Vinterstid er det nattcup ein til to gongar i månaden, også det på tysdagar. Onsdag er det bedriftsløp, og i helgene ofte krinsløp rundt om i Hordalan. Gular pleier også å velje ut eitt eller fleire ferieløp der mange stiller, og me har også deltakarar på O-festivalen og NM. Oversikt over alle norske løp, bortsett frå bedriftsløpa, finn du på eventor.orientering.no. Bedriftsløpa ligg på www.o-bergen.no.

Korleis melder eg meg på løp?
Registrer ein brukar på eventor.orientering.no, så kan du melde deg på alle individuelle løp i Noreg. For stafettar er det felles påmelding, stort sett ved sportsleg leiar Rune Nygaard, rune.nygaard@gmail.com.

Kva utstyr treng eg?
Du treng ei tidtakingsbrikke. Gular har ein del brikker for utlån, og du kan normalt også leige frå arrangøren, men om du skal springe litt, er det absolutt best at du kjøper sjølv frå www.idrettsbutikken.no. Anna utstyr, som kompass, sko og leggings, kan du kjøpe hos Jarvisx4. Dei har ofte med seg «butikken» på o-løp i bergensområdet. O-drakt og overtrekksdrakt kan du kjøpe frå Gular v/Tom E. Eikanger. Oversikt over utstyr og prisar ligg her.

Er det noko meir du lurer på?
Kikk litt rundt på heimesidene, spør på Facebook eller kontakt leder@gular.org.