Trening og klubbmeisterskap i haust

innetrening

Torsdagar etter haustferien blir det løpetrening 18-19 og innetrening etterpå på Ortun skule. Garderoben er åpen frå 17.45. Alle må vera klar til utløping kl. 18.00.

Siste trening før jul er torsdag 13/12. Oppstart igjen torsdag 10. januar. 

Det blir eit alternativ opplegg for dei mellom 13 og 16 år. Dei aller yngste tar vinterferie på torsdager, og deltar på Urb-o på tirsdagar. 

Det blir VM-labyrint første trening etter haustferien kl. 18 (18. oktober). Her oppfordrar me dykk til å ta med venner og kjente, og det blir premiar til alle. 

Klubbmeisterskapen 2018 blir på Siljustøl lørdag 27/10 kl. 14.00.