Vel blåst i rankingfinalen

[16.09.17] Gular var arrangør for årets finale i kretsrankingen laurdag 16. september. Løpet skulle eigentleg ha gått på nytt kart på Eikanger, men dette kartet er ikkje ferdig, så me måtte flytte til Gaupås. Det fungerte fint i strålande haustver. For å unngå kollisjon med sykkel-VM var starten utsett til kl. 17.00. 116 startande er sånn passe, kanskje me mista nokon på grunn frykt for trafikkaos. Løypeleggjar Sverre Johan fekk skryt for løypene, sjølv om terrenget varierte frå lettløpt til lite framkomeleg. Løpsleiar Tore Juvik hadde god kontroll, og til trass for tekniske eTiming-problem, gjekk alt bra med gjennomføringa.

Naturleg nok var ikkje så mange av oss til start, men Tom E. Eikanger vann H50 og Helen Martinsen blei nr. 2 i D17.

Resultat