DM i Haugesund

[03.09.17] Årets andre felles gulartur i distriktet gjekk til vestlandsmeisterskapen i Haugesund 2.-3. september. Me overnatta samla på Haraldshaugen camping og hadde ein sosial og fin tur. Terrenget var derimot ikkje mykje å skryte av: Knehøge tuer med gras på toppen og myr i botn gjorde det svært vanskeleg å ta seg fram. Av ein eller annan grunn var fleire stader område markert som lysegrøne heilt uframkomelege.

Med nesten 250 deltakarar var det bra med folk, mest frå Rogaland. Sportsleg blei det ikkje den store Gular-suksessen, med Eli F. Johannesen sin sølvmedalje i D17-18 som beste plassering individuelt og to 5. plassar i stafettane.

Resultat individuelt

Resultat stafett