Skrått og grønt i Langeskogen

[29.08.17] Ei våt skråli med hjortetrakk, ispedd grøntfelt. Det var til dels krevjande å føte seg i årets nest siste pokalkampløp, som fann stad i Langeskogen 29. august med samlingsplass på Bueskytterbanen. Likevel var oppmøtet bra frå mange klubbar. Gular har aldri satsa spesielt på pokalkampen, men 17 startande er ikkje så verst. Det blei to klassesigrar, til Tom E. Eikanger i H50 og Bård Hekland i Åpen AK.

Resultat