KM til havs

[27.08.17] Når kartet heiter «Havet» kan ein rekne med at det blir langt og tungt. Det stemte nok då Fana baud inn til KM langdistanse og stafett på Kalandseid 26.-27. august. 20 gularmedlemer let seg likevel freiste og stilte til start på laurdagen. Det blei siger i tre klasser, for Eli F. Johannesen i D17-18, Tom E. Eikanger i H50 og Svein Linga i H60.

I stafetten hadde me med to dame- og to herrelag. Det endte med ei medalje, til førstelaget vårt i D17. På laget sprang Eli F. Johannesen, Helen Martinsen og Vibeke Øye.

Resultat KM lang

Resultat KM stafett