Glatt sprint på Nordnes

[19.08.17] 19. august baud Varegg inn til Noregscup sprint på Nordnes. Med godt kart og gode løyper blei det eit artig løp, sjølv om det var såpeglatt i deler av løypa. Frå Gular stilte fire 17-åringar, der Eli F. Johannesen blei best av våre med ein 18. plass. I publikumsløpet stilte ytterlegare seks gularløparar. Mari F. Johannesen vann D13-16 og Svein Linga blei nummer to i H50.

Resultat Noregscup-klasser

Resultat publikumsløp