Juniorane best i skodda

Dei tre medaljevinnarane. Foto: Tore Juvik

Dei tre medaljevinnarane. Foto: Tore Juvik

(11.06.17) Det blei eit tøft KM ultralang på Ulriken og Landåsfjellet i dag. Men det stoppa ikkje Gular-juniorane, som markerte seg skikkeleg. Scott Juvik vann spurtoppgjeret i H17-18 mot Magnus Gjerstad frå Varegg, med Eyvind Kjellevold Malde berre sekund bak. Eli Fjellbirkeland Johannesen blei nr. 2 i D17-18.

Elles må det vere skuffande for arrangør Viking at berre 98 løparar stilte i dagens KM, men Gular var i alle fall brukbart representert med 12 løparar.

Resultat i Eventor.