Vått og rått i Kanadaskogen

(08.06.17) Saman med friidrettsgruppa og Fyllingen Friidrett arrangerte me torsdag kveld terrengløpet Bergens råeste i Kanadaskogen. Totalt var det rundt 550 løparar (350 i langløypa, 50 i trim og 150 i barneløpet). Løypesjef Tom E. Eikanger fekk mykje skryt for den våte og harde løypa. Takk til alle som var med som arrangørar! Nokre av våre fekk også prøve seg i løypa, best var Scott Juvik med ein knallsterk 6. plass.

Kondis sin reportasje frå løpet

Resultatlista