Scott slo til på sprint-NM

(04.06.17) Ein gjeng frå Gular har vore med i NM sprint og pinseløpa på Hamar. Scott Juvik slo til med eit solid løp i sprint-kvalifiseringa, med tredjeplass i sitt heat, berre 16 sekund bak vinnaren. Litt tyngre blei det i finalen, men 25. plass syner likevel ei klar nivåheving frå fjorårssesongen. I stafetten stilte Scott, Eyving og Eli saman med Ingunn Torød Buset frå Gneist. Det blei 53. plass av 65. fullførande lag.

Resultat individuelt kvalifisering

Resultat individuelt finale

Resultat stafett