Sølv i KM-sprint

Sundag 21. mai arrangerte Varegg KM sprint både individuelt og stafett, med samlingsplass ved Realfagsbygget på Nygårdshøyden. Det blei ein kjekk dag, trass eit lite regnskyll mellom distansane. Eli F. Johannesen tok sølv i D16-18 og følgde opp med sølv i senior-damestafetten saman med søstra Mari. Til saman var laget 32 år, så desse jentene kan hevde seg i mange tiår framover.

I stafetten hang dei fire herrelaga godt med etter første etappe, men tapte litt på andre, slik at plasseringane blei 6, 11, 12 og 15 til slutt. Her var det ungdommane Eyvind Kjellevold Malde og Scott Juvik som klarte seg best. Me merkar oss elles to gode løp av Lars Røttingen, som verkeleg har fått dreis på orienteringa, i alle fall i sprint.

For Lea Skauge og Idun Hekland blei det debut i stafettsamanheng. Det gjekk veldig bra, og jentene kom seg fint gjennom løypa i H/D11-16.

Resultat i Eventor.