Scott og Helen klubb-sprintmeistrar

Torsdag 18. mai var det tid for årets klubbmeisterskap sprint. Løpet gjekk frå Lynghaug skole, med kjappe og kjekke løyper frå Oskar Røen. Aller raskast i herreklassa var ungdommane Scott Juvik og Eyvind Kjellevold Malde, med eldre, men også kjappfota Tormod Skauge på tredjeplass, medan Helen Martinsen vann dameklassa framfor Eli F. Johannesen. Gledeleg var det med sju startande i kortløypa. Etterpå blei det grilling i det fine mai-veret.

 

resultatliste sprint