Fine plasseringar i sprintcupen

(04.04.17) Vintertreningane har visst gjeve resultat, for det var mange fine Gular-prestasjonar i årets første sprintcup, som gjekk på Melkeplassen tysdag 4. april med BT som arrangør.

Det blei dobbeltsiger i H16-18 ved Scott Juvik og Eivind Kjellevold Malde, medan Idun Hekland var raskast i D-12 og Emil Øye Kragseth fekk beste tid i nybyrjarløypa. Andreplass blei det til Rune Nygaard i H19 og Vibeke Øye i D40. Me noterer og at friidrettsløpar Lars Røttingen byrjar å få godt tak på orienteringa, med plassering over midten i H19.

Resultat i Eventor