Mari noregsmeister!

(01.04.17) Mari F. Johannesen knuste til og blei noregsmeister i terrengløp framfor sterke baneløparar!

Det er ikkje så ofte o-gruppa kan skryte av noregsmeistrar. Men i årets NM terrengløp, kort løype, 1. april slo Mari alle spesialløparane. Det var vått og tunge forhold i løypa i Strandebarm. Mari fekk tidleg eit forsprang, og sjølv om konkurrentane tok innpå mot slutten, heldt det til siger i K15. Tida var så god at Mari ville vore nr. 8 i seniorklassa, og totalt var det berre 10 av 49 kvinner sprang raskare enn ho denne dagen. Gratulerer!

Søstera Eli var også påmeld, men måtte stå over løpet på grunn av skade.

Reportasje i Kondis.