Våt sesongstart

Ingen klassesigrar, men mange bra plasseringar i våt sesongopning i Ytrebygda 22.-23. mars.

Best av våre i samandraget etter to løp var Helen Martinsen med andreplass i D17. Me merkar oss elles kjappe løp på laurdagen av Vegard og Sondre Aksnes i N-åpen lang. Totalt var me i overkant av 20 Gular-løparar til start, litt tilbakegang frå dei siste par åra.

Det blei ein fuktig dag i Ytrebygda, der mykje nedbør veka før løpet hadde gjort elles fine marker sugande og tunge. Gular var ansvarleg for å stille kontrollør til løpet, og Bård Hekland sjekka kart og løyper på førehand.

Resultat i Eventor.