Årsfesten utsett til 11. februar

Nytt år, nye moglegheiter og ny dato for årsfesten!

Me satsar på at 11. februar er ein dato som passer for mange sånn at me får fullt hus og stormande jubel i Tranehuset på Sletten. Arrangementskomiteen stiller med snacks, persisk buffet, alkoholfri drikke, herleg dessertbord, åresal og leikar for store og små!

Ta på (strutte)skjørt, finskjorte og dansesko og ver med på å feira den sprekaste 70-åringen i Bergen!

Du melder deg på ved å betala kr. 250,- til Gular sin konto 3624.53.52314 INNAN 28. JANUAR!