Eit Blodslit

Ni påmelde, sju på start og fem i mål. Det er Gular-oppsummeringa frå årets Blodslitet, som gjekk på Kråkerøy utanfor Fredrikstad laurdag 22. oktober.

Det var langt, det var kaldt, det var detaljrikt terreng og liten målestokk (ut frå rapportane ganske uleseleg i 1: 15 000), men det var kjekt, og. Rune Nygaard blei nr. 36 i H21, medan vår andre meisterskapsløpar Jan Harald Bakkejord måtte bryte. Braut gjorde også Jan Petter Hansen i H50, Arne Johannesen blei nr. 40 i same klasse og døtrene Mari og Eli nr 16 og 28 i D13-14 og D15-16.

Dagens beste plassering tok Tormod Skauge med 14.-plass i H40 i den nesten 15 kilometer lange løypa.

Resultat i NM-klassar

Resultat i andre klassar