Vellukka KM på Lyderhorn og i Kanadaskogen

Gular arrangerte KM mellomdistanse i Skålevik laurdag 4. september og stafett-KM fra Varden dagen etter. Løypeleggjarane Rune Nygaard og Jan Petter Hansen hadde fått mykje ut av det ganske tunge terrenget og løparane verka nøgde. Det blei solide arrangement under leiing av Tore Juvik, med plaskregn første dag og sol under stafetten.

Som arrangørar var det ikkje mange Gular-løparar som fekk springe, men søstrene Mari og Eli Fjellbirkeland Johannesen klinka til med klar siger i D13-16-stafetten.