Pallplasseringar i Vestlandsmeisterskapen

Sølv i herrestafetten berre fire sekund bak gullet, og bronse i seniorklassane til Rune Nygaard og Helen Martinsen var mellom dei sportslege høgdepunkta blant dei 24 gularløparane som deltok i vestlandsmeisterskapen i Odda 20.-21. august.

Tom Eikanger og Arne Johannesen var (som vanleg) båe på pallen i H50, og elles legg me merke til flotte løp av kjappfotingane Sondre og Vegard Aksnes i nybyrjarløypene.

Sosialt blei det ei veldig flott helg, med storparten av gularfolket innkvartert på to Statoil-hytter på Seljestad.

Resultat i Eventor: Individuelt, stafett