Eli på pallen i Kretsstafetten

Eli Fjellbirkeland Johannesen sprang ankeretappen på hordalandslaget som tok bronse under kretsstafetten på Konnerud 10. august. Med 82 lag på startstreken var dette ein sterk prestasjon, ikkje så ofte våre lokale løparar markerer seg så sterkt på landsplan. På laget sprang elles Mari Strømme Lid (Viking), Stian Rykkje (Stord) og Kristian Rykkje (Varegg).