Mari nr. 6 i Hovedløpet

Mari Fjellbirkeland Johannesen blei best av våre på Hovedløpet med ein sterk sjetteplass på langdistansen i D14. Løpa fann stad på Konnerud, og våre fem deltakarar var også med på treningsleiren som Hordaland o-krins hadde stelt i stand. Eit flott tiltak for dei yngre løparane!