Gular best i Kompisstafetten

05.06.16: Gular sitt førstelag var raskast av alle og tok gullet i dagens Kompisstafett, som gjekk føre seg på Gullbotn etter tradisjonell oppskrift.

På laget sprang først nybyrjar Rannveig Furelid, før rutinerte H50-karar tok over stafettpinnen: Tom Eirik Eikanger, Tore Juvik og Arne Johannesen. Til slutt fekk «ungguten» Rune Nygaard i H40 æra av å springe Gular inn til den første Kompis-sigeren på ganske mange år.

Andrelaget tok ein fin åttandeplass, etter m.a. dagens beste tid på førsteetappen ved Mari F. Johannesen, og tredjelaget kom inn som nr. 18 av dei 29 fullførande laga.

Resultatliste.