Fire klassesigrar i Hamla GP

04.06.16: Berre litt over 120 løparar fann vegen til årets Hamla Grand Prix, som gjekk på Gullbotn i strålande sol. Av desse var såpass som 20 Gular-løparar, og med det var me nest største klubb.

Junior- og seniorklassane var KM ultralang-klassar, her blei Helen Martinsen krinsmeister i D19, medan Rune Nygaard tok tredjeplassen i herreklassen. Vegard Aksnes fauk gjennom nybyrjarløypa til dagens raskaste tid og siger i D/H11-12N. Elles blei det som vanleg Gular-siger i H50, denne gongen ved Arne Johannesen, medan dottera Mari tok sigeren i D13-14.

Resultatliste i Eventor.