Bergens Råeste 9. juni

Torsdag 9. juni kl. 18.30 er det tid for Bergens Råeste, det tøffaste terrengløpet i Bergen. Staden er Kanadaskogen, og løparane kan velje mellom trimklasse (kort løype ca. 3 km) og konkurranseklasse (lang løype ca 8 km). Samlingsplass er i Spelhaugen. Ei god veke før start, er det 364 påmelde, så med ein god sluttspurt bør det bli 5-600 i skogen denne junikvelden.

Bergens Råeste er eit samarbeid mellom friidrettsgruppa og o-gruppa i Gular. Du finn meir informasjon på www.bergensraeste.no.