Tre gull i KM langdistanse

27.05.16: Det blei tre gull til Gular i dagens langdistanse-KM, som fann stad på Fanafjell. Med fine løyper og ganske tørt terreng blei det ein flott ettermiddag, trass regnskyll. Dagens krinsmeistrar var Mari F. Johannesen (D 13-14), Tom E. Eikanger (H50) og Svein Linga (H60). Klassesigrar blei det og til Vegard Aksnes (D/H11-12N) og Eivind K. Malde (H15-20B).

Elles merkar me oss at Gular tok fire av dei fem øvste plassane i H50 og at Rune Nygaard og Helen Martinsen fekk kvar sin sølvmedalje i seniorklassane.

Mest gledeleg: 26 gularløparar på startstreken, mange av dei i dei yngre klassane. Med dette var Gular tredje største klubb i KM, bak Varegg (35) og Fana (29).