Vellukka nybyrjarkurs

Tolv ferske o-løparar og ein haug med gode hjelparar dukka opp då Gular inviterte til nybyrjarkurs i orientering tre tysdagar frå 19. april. Helen Martinsen har stått for opplegget, og me har prøvd oss m.a. på stjerneorientering, stemplingsstafett og «bushing».

Entusiasmen hos dei unge deltakarane verkar å vere på plass, og me håpar at så mange som mogleg av dei har lyst til å springe orientering vidare.