Seks pallplasseringar i ranking-opninga

Det blei ingen siger, men seks pallplasseringar på Gular-løparane under rankingopninga på Stord sundag 17. april: Andreplass til Helen Martinsen i D17 og Hege Fjellbirkeland i D50, 2. og 3. plass til Tom Eikanger og Tore Juvik i H50 og til systrene Mari og Eli Fjellbirkeland Johannesen i D13-14 og D15-16.

Me legg også merke til ein fin fjerdeplass til Johan Eikanger i H15-16.

11 startande var ein kraftig nedgang frå Gneist 2-dagars helga før. Me håpar Gular-deltakinga tek seg opp på komande rankingløp.

Resultatliste