Ein sølv og ein bronse i KM sprint

Ingen Gular-løparar lot seg freiste til å springe natt-KM ein sein fredagskveld i Fitjar. Men laurdag 16. april deltok sju av løparane våre i KM sprint og sprint-stafett på Stord.

Individuelt var beste prestasjon sølv til Helen Martinsen i D19. Endå meir gledeleg var tredjeplassen på stafetten i D/H11-16 med Mari Fjellbirkeland Johannesen og Oda Kjellevold Malde på laget.

Framleis ser det ut til at mellom- og langdistanse er meir populært enn sprint både hos Gular og mange andre klubbar. I langdistanseløpet sundag stiller i overkant av 180 løparar, 75 fleire enn på sprinten laurdag.

Resultat individuelt og stafett.