Fem klassesigrar i Gneist 2-dagars

Gular-løparane følgde godt opp i jaktstarten på Gneist 2-dagars 10. april, sjølv om det var litt færre av våre som prioriterte o-løp enn dagen før. Det blei strålande fem klassesigrar i samandraget. I H17 vann Rune Nygaard både samanlagt og båe dagane. D17-gullet gjekk til Helen Martinsen, ein sterk familie-innsats.

Ei vellukka helg blei det også for familien Fjellbirkeland Johannesen. Eli tok gullet i D15-16, Mari i D13-14. Gull blei det også på Linga-familien, Svein var suveren i H60.

Me legg også merke til sølv til Scott Juvik i H15-16, har den løpsterke Juvik’en no og fått skikkeleg dreis på orienteringa? Og trekløveret Tom Eikanger, Tore Juvik og Arne Johannesen hadde berre Bjørn Hølleland framfor seg i gutar 50.

Takk til Gneist for fint arrangement i godt ver!

Totalresultata finn du her.