Strålande sesongstart

Det blei ein knallstart for Gular-løparane i første dag av Gneist 2-dagars 9. april. Masse klassesigrar: i D13-14 til Mari F. Johannesen, i D15-16 for søstra Eli, H17 Rune Nygaard, H50 dobbeltsiger til Tom Eikanger og Arne Johannesen, H60 Svein Linga, i tillegg til fleire andreplassar.

Elles er det gledeleg å sjå at me har bra deltaking også i dei yngre klassene. Tolv unge under 16 år stilte til start denne laurdagen.

Det blir jaktstart sundag, me håpar at oppfølgaren blir like bra!

Komplette resultat ligg i Eventor.