Årsmøte halde, nytt styre på plass

Årsmøtet i o-gruppa blei halde torsdag 17. mars. Dei frammøtte kunne sjå tilbake på eit år med bra aktivitet, særleg positivt var det at me fekk på plass faste vintertreningar. Bergens råeste var eit godt løft saman med friidrettsgruppa, og noko me satsar på at skal vekse i åra som kjem. Den viktigaste satsinga framover blir å rekruttere og halde på folk, med geografisk fokus i Fyllingsdalen.

Ny i styret er Rune Nygaard, som tek over som sportsleg leiar. Tom Eirik Eikanger blir rekrutteringsansvarleg, dei andre styremedlemene blei attvalde med same ansvarsområde.