Vintertreningane er i gang

Frå oktober 2015 er Ross Juvik trenar i Gular, med særleg ansvar for barn og unge. Me trenar frå Ortun ungdomsskole i Fyllingsdalen tysdagar frå 17.30 til 19.30. Det er to opplegg: Ungdom og vaksne har oppvarming og o-teknisk trening ute før dei går inn til styrketrening, ballspel e.l. Dei yngste har ein valfri løpetur ute, og startar inne kl. 18.00, med o-teknisk og fysisk trening.

Me har stort spenn i alder, frå under ti til over seksti. Er du heilt fersk som o-løpar, er du også velkomen.

Oppslutninga på treninga er bra, førre veke var me 25 stk på treninga.

Oppdatert informasjon om treningane blir lagt ut på facebook-gruppa.