Bra uttelling i Vestlandsmeisterskapen

Fire klassesigrar og totalt ti pallplasseringar var Gular-statusen etter årets vestlandsmeisterskap, som fann stad i Førde 5.-6. september.

Nytt av året var det at DM-stafetten var bytta ut med mellomdistanse. Med rundt 190 startande var det gjerne ein betinga suksess, men mykje av forklaringa var elendig rogalandsdeltaking. Berre ein løpar stilte frå fylket i sør. Det var hordalendingane som dominerte, og blant dei, hausta dei fjorten gularløparane ein god del av pallplasseringane.

Laurdag blei det klassesigrar til Oda K. Malde (D11-12), Tom Eikanger (H40) og Johan Eikanger (C-open), medan Svein Linga tok einaste sigeren på mellomdistansen sundag (H60).

Fullstendige resultat i Eventor.