Comeback for Helge Haugen

Helge Haugen er nok for mange meir kjend som fotballspelar enn o-løpar. Men bror til Ivar var eit stort talent i unge dagar. No har Helge gjort comeback. I NM ultradistanse, som blei arrangert på Hønefoss 22. august, tok han ein solid 24.-plass med tida 3:37:35 i den 25 kilometer lange løypa, knappe femti sekund bak tidlegare Gular-løpar Per Arne Aadland. Me håpar på fleire o-startar for Helge i tida som kjem!