Hauststart i flott terreng

Haustsesongen er i gang igjen, og starta med Odda 2-dagars 15.-16. august. Gular har tradisjon for å stille manns- og kvinnsterke på desse løpa, men sjukdom må ta skulda for at det var ein talmessig noko redusert tropp som stilte til start.

Løpa gjekk i flott fjellterreng ved Reinsnosvatnet aust for Skare. Laurdag var det mellomdistanse med ganske korte løyper, sundag langdistanse som inngjekk i krinsrankingen. Rune Nygaard og Helen Martinsen tok båe sølv i seniorklassene laurdag, og Rune følgte godt opp med klar siger på sundagen. Elles blei det ei god helg for foreldregenerasjonen i familien Fjellbirkeland Johannesen. Hege tok sølv laurdag, medan Arne vann laurdag og blei nummer to på langdistansen.

Overnattinga fann stad på Statoil-hytter på Seljestad, det var kjekt og sosialt, sjølv om me får håpe at me blir fleire neste år.

Resultata ligg i Eventor.