Knallstart for Bergens råeste

13. juni fann tidenes første Bergens råeste stad i Kanadskogen. Rundt 350 deltakarar kom seg gjennom dei 7,5 harde kilometerane, med sti, myr, grus, vatn og gjørmebad. Ein svært vellukka debut for arrangementet, som var eit samarbeid mellom o-gruppa og friidrettsgruppa i Gular.

Sportsleg markerte Rune Nygaard seg med sjetteplass blant herrane, og Scott Juvik blei nr. 40 og tok andreplassen i H14-15. Fine tider også på resten av ungdommane. Dagens fremste prestasjon blant Gular-o-løparane sto nok unge Mari F. Johannesen for, med strålande 51.57 og tiandeplass blant damene. Ikkje verst!

Mange fine bilete finn du på facebook-sida til løpet. Her ligg resultata.