Nesten i Kompisstafetten

Gular sitt førstelag hang med i tetklynga fram til tre postar før mål på fjerdeetappen. Då blei det bom på Eli F. Johannesen, og trass dagens beste etappetid, sprang sisteetappeløpar Rune Nygaard laget inn til ein sjetteplass. På laget sprang elles Mari F. Johannesen, Arne Johannesen og Scott Juvik.

Andrelaget, som var eit reint familielag med Oda, Eyvind, Marian, Hedvig og Ketil Malde kom inn til 17.-plass.

Med 27 fullførande lag, var dette slett ikkje verst. Men til neste år får me håpe både på fleire Gular-lag på startstreken og at me igjen kjem opp på pallen.

Resultat