Ingen siger i KM-ultra

Mange pallplasseringar, men ingen på toppen var oppsummeringa etter KM-ultra 6. juni.

Berre 139 løparar tok del då Samnanger arrangerte KM-ultra og Hamla Grand Prix 6. juni. På grunn av snø var løpet flytta ned mot havnivå, med samlingsplass nesten på heimebøen til Per Arne Aadland. Det blei tøffe løyper i dei lengste klassene, med 760 høgdemeter i H19.

Gular stilte ein ganske stor tropp, med 20 løparar. Resultata var midt på treet. I seniorklassene braut både Rune Nygaard og Helen Martinsen. Dei unge som kom på pallen var Eli Fjellbirkeland Johannesen (nr. 2 i D 15-16), Scott Juvik og Eivind K. Malde (2 og 3 i H15-16), Oda K. Malde (2 i D11-12) og Lise Bakkejord (1 i D/H13-16C).

Elles blei det også ein del pallplasseringar i veteranklassene.

Fulle resultat i Eventor.