Bronse i KM-sprinten

Sprint er ikkje favoritten blant Gular-løparane, og berre 11 frå klubben stilde til start på KM-sprinten frå Sjøkrigsskolen tysdag 12. mai. Dette var første gongen eit KM er arrangert som midtvekeløp på kveldstid. Med 138 startande og deltaking berre frå bergensområdet, var det vel ikkje ein stor suksess.

Eli Fjellbirkeland Johannesen tok vår einaste KM-medalje med tredjeplassen i D13-15. Elles var Oda Kjellevold Malde som vanleg kjapp i D11-12, denne gongen med ein andreplass, og Emil Øye Kragseth feia gjennom N-open-løypa med dagens nest beste tid.

Resultat i Eventor.