Eitt gull og to bronse i KM-mellom

Eli Fjellbirkeland Johannesen tok gull i D15-16 og Rune Nygaard og Helen Martinsen kvar sin bronse i seniorklassene under KM-mellom på Smøråsen 14. mai.

Med 28 startande var Gular tredje største klubb, berre slått av Fana og Varegg. Me markerte oss også på resultatlista. I tillegg til KM-medaljørane var det også fine plasseringar i andre klasser. Hege Fjellbirkeland og Arne Johannesen følgte opp dottera sitt gull med sølvmedaljar i D og H50. Oda Kjellevold Malde tok andreplassen i D11-12 og Mari Stadsnes vann D/H13-16N. Mest gledeleg var den gode deltakinga blant dei yngste – Gular hadde tretten startande under 16 år.

Fullstendig resultatliste i Eventor.

Sjå også Torgeir Strand sine bilete frå løpet.