Rankingløpa er i gang!

15 Gular-løparar stilte til start i årets første løp i Hordalandsrankingen 12. april. Med regn- og haglbyger blei det ein tøff tur i dei lange og krevjande løypene på Stord. Best av våre, gjorde veteranane i herreklassane det. Tom E. Eikanger blei nr. 2 av 18 startande i H40, Jan Petter Hansen 3 i H50, to plassar framfor Tore Juvik (15 fullførande) og Svein Linga tok sølvet i H60 (åtte fullførande).

Med nesten 250 startande lova deltakinga godt for resten av sesongen. Neste rankingløp er KM-mellom 14. mai, då satsar me på fleire Gular-løparar på startstreken.

Resultatliste