Nærare 30 Gular-løparar i sesongopninga

O-sesongen starta rekordtidleg med Gneist 2-dagars i Ytrebygda 21.-22. mars. Som i fjor var det god Gular-deltaking på dette løpet. I tillegg til «den harde kjernen» var det også gjensyn med løpare som ikkje har vore så mykje med dei seinare åra, og me hadde ei god gruppe unge nybyrjarar på start.

Med ope og lettløpt terreng (bortsett frå ein del område med vindfall og svært dårleg framkome) blei det låge kilometertider. Sundag var det jaktstart med utgangspunkt i resultata frå laurdagen. Mange av Gular-løparane nøgde seg med eitt løp og kom difor ikkje med i samanlagtlista. Dei som kom «på pallen» var Helen Martinsen (2 i D17), Marian K. Malde (1 i D35k) og Dag Aksnes (3 i H17k). Fulle resultat og karteksempel ligg i Eventor.

Leave a Comments

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *