O-teknisk trening på laurdag

Det blir o-teknisk trening laurdag 14. februar på Knappenfjellet. Frammøte øvst i Knappenvegen (forbi Knappentunet) klokka 11. Arrangørane Rune Nygaard og Helen Martinsen byd på både korridorløping og postplukk. Sitat frå arrangørane: «Terreng og løyper er testa ut; lettløpt (!), lite snø og Nina har ikkje gjort større skader i terrenget. Dei trea som har velta, ligg ikkje midt i løypetraseen». Vel møtt!