Gular arrangerer nattcup 11. februar

Onsdag 11. februar er det tid for det femte nattcupløpet for sesongen. Denne gongen er det Gular sin tur til å arrangere. Løpsleiar Tore Juvik har funne tilbake til skytebanen på Gaupås, som og var samlingsplass for rankingløpet i fjor haust. Det blir fleksistart mellom 18.30 og 19.30.

Arrangørane håpar på god deltaking, også frå eigen klubb. Påmelding og informasjon i Eventor.