Siger, sølv og bronse i nattcup’en

Fem Gular-løparar stilte til start på årets første nattcup, 14. januar, som fann stad på Dyngelandsåsen, med Fana som arrangør. Rune Nygaard tok ein knusande siger i A-løypa, 3 minutt og 45 sekund før Per Harald Havnen Johansen frå Varegg. Vegvala til fleire av dei beste finn du på http://buff.ly/1DIqwmZ.

Flott innsats også av søstrene Eli og Mari Fjellbirkeland Johannesen med andre og tredjeplass i DC, med mange solide løparar bak seg på lista. Resultata ligg i Eventor.