Solid sesongdebut på Gran Canaria

Januar er ikkje nett høgsesong for orientering, men nokon finn smarte løysingar: Rune Nygaard og Helen Martinsen var Gulars representantar på Gran Canaria O-Meeting 26. desember til 4. januar.

Menyen var variert, eit nattløp, ein bysprint og to skogsløp. Ut frå tidene var det jamt over korte løyper. Samanlagt blei Rune nr. 4 av 41 startande i lengste løype, medan Helen var nr. 18 av 73 i løype 2. Klikk her for fulle resultat.